Etter ei tid med fleire gamle Bluebirder og Maximaer innsåg eg behovet for ein større bil som også kan ta seg fram i større grad.
Driv ein del med friluftsliv, så det er mykje som skal ha plass i/på bilen; Skiutstyr, kajakk, telt, klatreutstyr etc..
Eg kom da etter ei tid over denne bilen på finn.no, sikkert nokon her som har sett på han. Eg har aldri hatt 4WD før, men ser på dette som ein fin moglegheit til å lære.
Bilen er ein 1997 Y60 GR SLX type lang med RD28TD. Høg prisklasse, men meget velhaldt. Eg trur ikkje denne bilen har sett noko anna enn asfalt i livet sitt... Ifølge fleire som har besiktiga bilen finnes det ikkje rust på ramme eller understell. Det har kun kome litt bobler i lakken rundt skjermbreddarane. Motor, drivverk og interiør i topp stand. Treng nokre timar med autosol på crommen...
Har få planar for bilen, ynskjer i hovedsak å halde han i god stand, fri for rust etc. Men av ting på lista står ARB takgrind type stor, reparere/nye stigtrinn, stige bak, hjørnebeskyttelse bak, kanskje 2" OME fjærløft og noen større hjul.
Eg tek GJERNE imot tips om kvar eg kan få tak i dette, helst brukt og rimeleg.

-Tor Erik




