PPB skrev:Då er vinsj festa på bilen, litt plukk igjen med eletrisk, men trur det blir ei grei løysing til slutt.
Kan leggje ut bilder etter dagslyset er tilbake...
Vinsj montert på AFN vinsj monteringsplate.
Ei slik plate er nok ikkje direkte vanskeleg å lage for dei som har slikt på lur i garasjen, men òg greit å få det levert med skruer tilpassa bilen.
Vinsjen var ikkje av dei minste, så måtte kutte av mutre på innsida av fronten for å få plass, einaste tilpassing som ikkje var i samsvar med monteringsanvisning.

- vinsplate_m_vinsj

- Lite plass til overs 1

- Lite plass til overs 2

- fanger på plass igjen
Litt trangt, måtte flytte solenoide inn i mottorrommet og rotere delen med frikobling av vinsj nesten 90grader, men greit å ha alt så kompakt montert.

- med skilt og kufanger
Skilt og kufanger montert igjen, trur det kan fungere med kufanger som den er...

- Skogstur rundt Rena
Måtte ta med eit bilde frå treff på Rena. Det viser at det var godt med plass i løypene sjølv om det var godt oppmøte.
Gjekk ikkje like fort fram alle plass, minstemann fekk derfor tid til å oppdage båbær i lyngen, og då vart det tid til ein liten stopp.
Syns bildet var ein grei motvekt til bildene av dei som jager avgårde det raskaste dei kan for å sette seg fast i ei myr
