Draugen » 18/05/2009, 22:46
Eg hadde også problem med antenna som mangla litt. Motoren fungerte OK. Var på Nissan og fekk sjølve pisken med wire for ca kr 600,-. Var berre å skru ut toppen av antennefestet, skru på radioen så antennemotoren gjekk heilt ut, stappe nedi wiren og skru av radioen. Voila, heile antenna gjekk ned igjen. Så var det berre å skru på toppen av antennefestet, og alt i orden. Einaste du må sjekke, er at du har med ein mansjett som sørger for at antenna går opp og ned på ein grei måte. Eg mangla det på min, og då blei antenna køyrt heilt ut igjen.
Patrol Y61, '01-mod - utruleg nok umodifisert! enn så lenge...
Det fine med livet på landet? Om ikkje du sjølv veit kva du held på med, så veit heile bygda det...