At BT er ein eigen rase, er det liten tvil om, men at det går an å vera så håplause, hadde eg ikkje trudd. Sendte spørsmål om kva dei trong for å få godkjent heving og ny dekkdim, men fekk berre tåkeprat tilbake... Ingen som kan sei konkret kva dokument dei treng, og ikkje minst stå for det...
Eg blei stoppa med ein Cobra frontbøyle til 2003-mod eller nyare. Eg har ein 2001-modell. Dette blei krøll, så fekk ein mangellapp. Har i det vide og breie forsøkt å finne ein bøyle til bilen min, som eg kan få godkjent, men uten hell. Finn berre forhandler til Cobra og Antec.
Kan nokon hjelpe meg med ei bøyle til å feste lyktene mine på, som ikkje går over støtfangeren, og helst ikkje over "bufferane" på støtfangeren. Alle eg snakkar med hos BGNor, Xtreme og NOT, seier det ikkje fins, og eg finn ingen på nettet.
Viss nokon kan hjelpe meg vidare, har eg isåfall ei frontbøyle til sals, så godt som ubrukt! Legg ved eit par bilete med eksempel på dei eg kunne tenkt meg!