Godt nytt år alle sammen! Feira nyttår til fjells med maaange kuldegrader, og der fekk eg meg ein liten kalddusj,for å si det sånn. Ser temaet har vore oppe tidlegare både på Y61 og Pathfinder. Hadde seg slik at bilen min stod over natta, og då eg skulle starte dagen etter med ca -14 grader, så ville han ikkje tenne. Ser tips til Pathfinder om å gløde og la starteren surre tre runder, for så gløde igjen. Er det eit stalltips for Y61 også? Eventuelt andre tenkelege årsaker til dette? Hadde bilen til 60 000 service i haust, så alt av oljer og anna skal vera skifta og klar for ein vinter. Syns 14 blå var litt lite å lage problem i.
Er det elles noen meiningar på motorvarmer her inne? I hine hårde dager då bilane hadde sjel allereie ut frå fabrikken, fekk eg høyre at ein burde vera forsiktig med å bruke motorvarmer for ikkje "skjemme bort" bilen. Gjeld det framleis? Har liten lyst å begynne å surre med motorvarmer og ødelegge kaldstartegenskaper, for eg parkerer ikkje alltid i nærleiken av straumkjelde, for å si det sånn...