Draugen » 29/12/2009, 23:45
Eg tenkte å gjera alt riktig, så eg sendte eit spørsmål til BT om kva eg måtte gjera i forkant, og kva dokumentasjon dei trong for å godkjenne bilen med 2" heving og endre dekkdimensjon til litt større. Eg fekk eit kryptisk svar som egentleg ikkje sa nokonting, og det einaste å lese ut av dette, er at alt som skal endrast, må ha godkjenningspapir som viser at produktet er tilpassa bilen. Som nevnt i eit innlegg over her: Dette blir fryktelig uforutsigbart, og ein er avhengig av å treffe rette mann i godt humør...
Eg har 285/75-16 på min bil, og er 7% over standard dim. Dei sa ingenting om det på EU-kontroll utover å nevne det. Eg har førebels ikkje gjort noko, i håp om å finne noko enkel måte å få dette i vognkortet på. Men etter å ha spurt Nissan Norge om å få ein attest på at bilen min kan ha større hjul enn standard dim, verkar det ganske håplaust. Med mindre eg skal vinne i lotto og sette bilen hos Xtreme...
Patrol Y61, '01-mod - utruleg nok umodifisert! enn så lenge...
Det fine med livet på landet? Om ikkje du sjølv veit kva du held på med, så veit heile bygda det...